I drift hos kunde
Graphic Solutions
Trykkeri · merch og lasergravering
Same plattform, ubegrensa uttrykk. Vi set opp ein komplett nettbutikk på ditt domene, i dine fargar, med berre dei modulane du treng — og du eig kunderelasjonen heile vegen.



Du treng ikkje byggje ein nettbutikk frå botnen for å ha ein som er din. Du treng ein motor som allereie er bygd, og eit uttrykk som berre er ditt.
Ditt domene, din logo, dine fargar, dine e-postar. Kunden din ser aldri eit anna namn enn ditt — heller ikkje i faktura, kvittering eller sporingslenke.
Butikken er grunnmuren. Alt anna er modular du slår på når du treng dei, og av igjen om dei ikkje gjev noko tilbake.
Nye funksjonar kjem inn i plattforma og blir tilgjengelege for alle butikkane. Du slepp å bestille eit utviklingsprosjekt kvar gong noko skal fiksast.
Kundelista, ordrehistorikken og innhaldet er ditt. Du kan eksportere alt, når som helst, i vanlege format.
Dei fire første er ekte sider på nett — tre i drift hos kundar, éin kundedemo — klikk, og du er inne i den verkelege butikken. Resten er demoar. Alle 35 køyrer på same motor, men på ti ulike uttrykk: ulik sidebreidde, luft, header, kortform, biletformat og seksjonsrekkjefølgje. Filtrer på uttrykk under og sjå skilnaden.
I drift hos kunde
Trykkeri · merch og lasergravering
I drift hos kunde
Takeaway · meny, korg og Vipps
I drift hos kunde
Nettbutikk · barneklede
Kundedemo på nett
Merch · trykk og lasergravering
Anonymisert kundeNettbutikk · klær
Anonymisert kundeTakeaway · meny og bestilling
Anonymisert kundeTrykkeri · B2B + fanbutikk
Anonymisert kundeDesignbyrå · custom merch
Anonymisert kundeByggfag · verktøy og tilbod
Anonymisert kundeStudio · 3D og figurer

Idrettslag · klubbutikk

Bakeri · forhåndsbestilling

Nettbutikk · abonnement

Gardsutsal · lokal levering

Bryggeri · butikk og besøk

Salong · booking

Treningssenter · medlemskap

Verkstad · booking og delar

Handverk · tilbod og oppdrag

Nettbutikk · planter

Nettbutikk · abonnement

Nettbutikk · håndlaget

Nettbutikk · sport og fritid

Butikk · lokal og på nett

Fanbutikk · engelsk språkversjon

Fagsystem · timeføring og felt

Grossist · innlogga forhandlarportal

Utleige · datoval og ledigheit

Auksjon · bod og bruktmarknad

Trykk · konfigurator med live pris

Interiør · magasinoppbygging

Restaurant · bordbestilling

App · kundeklubb for lokale butikkar

Festival · billettar og program

Galleri · utstilling og sal
Eit tema hos oss er to ting. Uttrykket avgjer strukturen — sidebreidde, luft, kortform, knappeform, typeskala og kvar overskriftene står. Paletten avgjer fargane. Difor ser to butikkar med same farge framleis ut som to ulike byrå har teikna dei.
Strengt raster, hårstrek, ingen skugge. Tal og typografi ber sida.
Og uttrykket er ikkje låst: kvar verdi under er ein knapp vi kan skru på. Demoane under galleriet køyrer alle desse ti uttrykka — same motor, ti heilt ulike sider.
Seksten fleksible blokker dekkjer nesten alt ein nettstad treng. Du dreg dei opp og ned, skjuler dei du ikkje vil ha, og set inn nye mellom dei som står — utan å ringje nokon.
Bilete, video eller gradient, tittel, ingress og to knappar.
heroBilete eller video på ei side, tekst og knapp på hi. Byter side på mobil.
mediaTextÉin eller to kolonnar, som brødtekst, sitat, infoboks eller liste.
textRutenett, karusell eller før/etter — med bilettekst og lightbox.
gallery1–6 per rad, med ikon eller bilete. Kan hente data frå produkt eller artiklar.
cardsFordelsliste, ikonpunkt, nøkkeltal eller progresjonslinjer.
featuresNummererte steg, tidslinje eller før–undervegs–etter.
stepsTrekkspel med grupper, og val om eitt eller fleire kan vere opne.
faqSitat med namn, rolle, bilete og stjerner. Kort eller karusell.
testimonialsKundar, partnarar, sertifikat eller presse — statisk eller rullande.
logoStripPersonar med bilete, rolle og kontaktinfo.
teamBanner, panel eller kampanje med nedteljing.
ctaPrisnivå eller samanlikning, med framheva kolonne.
pricingKontakt, tilbod, nyheitsbrev eller booking — med eigen feltbyggjar.
formKart, adresse, telefon, opningstider. Fleire avdelingar.
contactMapVideo, lyd, SoMe-feed, kalender, dokumentliste eller kode.
embedAlle modulane har 7 dagars gratis prøve. Prisane under er utgangspunkt — i ein pakke blir fleire av dei inkluderte.
Din eigen nettbutikk på eige domene eller subdomene, med din logo, dine fargar og ditt innhald.
Kundane dine får sin eigen vesle butikk på eige subdomene. Du produserer, dei får royalty.
Sal, mest selde produkt, kundeaktivitet og produksjonsstatistikk på ein skjerm.
Koble butikken mot regnskap, lager eller ERP — ordre, lager og prisar over REST.
La kundane setje saman variantar, leggje på namn, nummer eller eige motiv før dei bestiller.
Rekn ut trykkprisar med dine eigne marginar, og vis kunden ferdig pris på skjermen.
Forhandlarpris på ein katalog med 2 300+ produkt, ferdig prisa med ditt eige påslag.
Eksporter tilbod og ordrestadfestingar som PDF med dine fargar, logo og vilkår.
Fakturaer, tilbod og kvitteringar sende i ditt design — ikkje i vårt.
Lag profesjonelle produktbilete med kunden sitt design på sekundar.
Kundestyrte designverktøy for raske forslag, variantar og motiv rett i butikken.
Ferdige design, ressursar og produksjonsklare grafikkpakkar som kundane kan bruke.
Ubegrensa lagring av kundedesign og logoar, med versjonering og rask attfinning.
Automatisk printklar filbehandling — frå ordre til ferdig fil utan handpålegging.
Bestill ferdige trykk direkte frå arkivet, rett inn i produksjonskøen.
AI-genererte innlegg til sosiale medium, planlegging og brand-kit i eitt.
Opplæringsvideoar for design, printflyt, maskinbruk og produksjon til kundane dine.
Vi har fjerna etableringsgebyret heilt. Du betaler ein fast månadspris — ingen oppstartsrekning, ingen timeprisar, ingen overraskingar. Vi byggjer butikken gratis mot at du er kunde i tolv månader. Prøv å få det same frå eit byrå.
Ein ordentleg nettbutikk på eige domene, med ditt design. Alt du treng for å selje frå dag éin.
Når du sel til både privat og bedrift, og vil ha kalkulator, prisgrupper og integrasjonar på plass.
Fleire butikkar, underbutikkar, API mot eigne system — og eit uttrykk teikna frå botn berre for deg.
Ingen skjulte tillegg: hosting, SSL, oppdateringar, sikkerheitskopi og support ligg i månadsprisen. To ting til står i avtalen, og dei står der i klartekst: ei plattformavgift på 1 % av omsetnaden gjennom butikken — den kostar deg ingenting før du faktisk sel — og ein avtaleperiode på 12 månader. Oppsettet er ikkje eigentleg gratis; det er verdt 6 000,– og blir skrive ned med 500,– for kvar månad du er kunde. Sluttar du før 12 månader, betaler du berre den delen som står att. Ingenting meir.
Butikken din står på eige domene innan 14 verkedagar frå vi har fått innhaldet ditt. Bommar vi, er månadsprisen gratis heilt til den er ute.
Du kan når som helst laste ned produkt, kundar og ordrar i standardformat og ta dei med deg — også midt i avtaleperioden. Vi held ingenting igjen som pressmiddel. Avtalen går 12 månader; etter det er det éin månad oppseiing og ingen binding.
Kvardagar 08–16 får du svar frå ein namngjeven person hos oss innan fire timar — ikkje eit kønummer i eit skjema. Du veit kven du ringjer.
Same butikk, same funksjonar, første året. Tala for dei andre er vanlege marknadsprisar i Noreg — spør gjerne om tilbod frå dei og hald dei opp mot dette.
| SKAPE Start | Byrå med WordPress | Shopify + byrå | Gjer det sjølv | |
|---|---|---|---|---|
| Oppsett | 0,– | 35 000,– | 25 000,– | 0,– |
| Fast per månad | 690,– | 0,– | 390,– + app-lisensar | 0,– |
| Første året totalt | 8 280,– | 38 000,– | 34 700,– | ~6 000,– + tida di |
| Tid til lansering | 14 dagar | 8–12 veker | 6–10 veker | «ein gong til hausten» |
| Endringar etterpå | inkludert | 950,–/time | 950,–/time | du gjer dei |
| Du eig dataa | ja, full eksport | ja | delvis | ja |
| Nokon å ringje | svar innan 4 t | prosjektleiar | support på engelsk | nei |
| Bindingstid | 12 md., så fri | ingen — du har betalt alt | app-lisensar bind deg | ingen |
Det du sparer det første året er ikkje poenget. Poenget er at du ikkje treng å gamble 40 000 på at det funkar.
Ein time saman: kva du sel, til kven, og kva som må vere på plass frå dag éin.
Tema, fargar, skrift og logo blir sette opp mot ditt domene. Du ser resultatet på ei ekte adresse, ikkje i ein PDF.
Produkt, prisar, fraktreglar og betaling. Har du data frå før, importerer vi dei.
To timar opplæring, ferdig manual, og ein å ringje til. Butikken er din frå lanseringsdagen.
Nei. Butikken køyrer på ditt domene, med din logo, dine fargar og dine e-postar. Vi står ingen stad i grensesnittet — heller ikkje i kvitteringar eller sporingslenker.
Du eksporterer produkt, kundar og ordrar i vanlege format og tek dei med deg — det kan du gjere når som helst, også før du seier opp. Avtalen går tolv månader fordi vi byggjer butikken gratis; sluttar du før det, betaler du berre resten av oppsettsverdien (500,– per månad som står att av dei tolv). Etter tolv månader er det éin månad oppseiing og ingen binding. Vi tek ikkje betalt for å levere ut dataa dine, og vi held ikkje domenet ditt igjen.
Ja. Uttrykka er utgangspunkt, ikkje malar. Sidebreidde, luft, kortform, knappeform, biletformat, typeskala og seksjonsrekkjefølgje er alle verdiar vi kan setje fritt — og vi kan byggje eit ellevte uttrykk berre for deg mot same motor. Sjå demoane: alle køyrer på same plattform, og ingen to er like.
1 % av omsetnaden gjennom butikken. Ho er grunnen til at oppsettet er gratis og månadsprisen låg — i staden for at du betaler eit stort beløp før du har selt noko. Satsen står alltid i avtalen, og du betaler ingenting av ho før butikken faktisk sel.
Ja. Du kan ha fleire butikkfrontar på same katalog, med eigne prislister og eigne påslag — til dømes ein B2C-butikk og ein innlogga B2B-butikk.
Fire veker er normalen frå signert avtale til lansering. Har du produktdata klare og veit kva du vil ha, går det fortare.
Send oss logoen og eit par ord om kva du sel. Vi set opp ein demo på din profil, på ei ekte adresse, innan ei veke — utan kostnad og utan bindingar.